Det løner seg å velje miljøet

Inge-André sparar pengar. Ellen sparar tid. Mauricio kjem i betre form. Hilde får ei fristund. Ania legg meir merke til ting rundt seg. Alle har dei vald vekk bilen, og alle har dei tent på det.

For det er ikkje sikkert det er raskare, billigare eller meir behageleg å ta bilen. Sjekk ut bilkalkulatoren vår for å sjå kva du brukar på bil i dag. Og les og sjå historiene til nokon heilt vanlege personar rundt om i Miljøløftet-kommunane som syklar, går eller reiser kollektivt dit dei skal. 

Kva kan du tene på å velje miljøet? 

Møt Ania

"Det som er fint er at eg sparer tid og pengar. Eg er og i betre form, og føler meg vaken når eg kjem på jobb."

Møt Inge-André

"Eg har ikkje angra eitt sekund! Eg brukar 10 til 15 minutt lengre tid kvar veg, men eg får det att i livskvalitet."

Møt Hilde

"Det er klart det at eg kjenner jo på kroppen at det er godt å kunne begynne dagen og avslutte dagen med å bevege den litt."

Møt Mauricio

"Eg tar bybanen kvar dag, og for meg har det vore den perfekte løysinga."

Møt Ellen

"Du berre susar gjennom tunnelen, og det tar ti minutt frå Haukeland uavhengig av rushtrafikken elles."

Prøv vår bilkalkulator

Kva kan du spare på å kvitte deg med bilen? Eller bil nummer to? Her ser du reknestykket.

 

Alle foto: Thor Brødreskift