Kva kan du spare på bildeling?

Kor mykje står bilen din i ro? Kanskje kan du erstatte bilen (eller bil nummer to) med ei bildelingsordning? Det kan vise seg å vere både enklare og rimelegare enn å eige.

Bildelingsordningar blir stadig meir populært, og det er fleire aktørar på marknaden. Bildeling gir enklare og ofte rimelegare bilhald, og det er bra for klima og miljø. Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt viser at ein delebil kan erstatte inntil 15 privatbilar i Bergen.

Her er tre aktørar på bildeling:

Dele

Dele starta som Bildeleringen i Bergen i 1996. Har i dag rundt 400 bilar. Er basert på medlemsskap. Dei fleste bilane er i Bergen kommune, men det fins også bilar tilgjengeleg i Knarvik og på Os.

Kostnad:

  • Medlemskap/depositum: Kr 7000 (blir refundert ved utmelding )
  • Årleg medlemspris: 1200
  • Timepris bil: 29-59 kr. Du betalar maks 12 t per døgn. Startpris 49.
  • Pris per km 2,30-3,50.
  • Drivstoff er inkludert. Autopass og parkering i tillegg

 

Lenke til Dele her 

Getaround

Du leiger bilar av privatpersonar. Bestilling og til dels opplåsing i app. Getaround har bilar i heile bergensområdet og i alle Miljøløftet-kommunar.

Lenke til Getaround her

Hyre 

Hyre har over 150 bilar i bergensområdet, dei aller fleste i Bergen kommune.

Kostnad:

  • Timepris frå 59, døgnpris frå 399. 150 km inkludert 
    Drivstoff, autopass og parkering i tillegg. 

 

Lenke til Hyre her

Foto: Margrethe Vikan Sæbø, Bergen kommune