Sparar tid og kjem i betre form

Bybanen til Fyllingsdalen har gjort reisa til jobb mykje enklare for Mauricio. – Det har vore den perfekte løysinga.

Før bybanen si linje 2 til Fyllingsdalen opna i fjor, kunne Mauricio sin reiseveg til jobb vere tidkrevjande. Då måtte han først ta buss til sentrum, for så å ta bybanen vidare til Kronstad.

– Då brukte eg 30 til 40 minutt. No tar eg bybanen heile vegen. Det tar sju og eit halvt minutt.

Så effektiv er reisa blitt at han nesten kjem for tidleg på jobb.

– Eg er alltid den første på jobb og det er heilt fantastisk, seier Mauricio smilande.

Spesielt når han skal heim frå jobb er det greitt å kunne sette seg på ein bybane som ikkje brukar lange tiden.

– Eg tar bybanen kvar dag, og for meg har det vore den perfekte løysinga.

Samstundes med bybanen til Fyllingsdalen vart det bygd ein tunnel for syklande og gåande, parallelt med bybanetunnelen. Tunnelen på tre kilometer er den lengste tilrettelagde gong- og sykkeltunnel i verda.

Fyllingsdalstunnelen utgjer første del av ein ny gong- og sykkelveg frå Fyllingsdalen og heilt inn til Bergen sentrum. Her kan du sjå eit kart over ruta.

Med gong- og sykkeltunnelen som eit tillegg til den nye bybanelinja, har Mauricio ikkje berre fått ein betre reiseveg til jobb, men og ein stad for småturar og joggeturar på fritida

– Ifølge legen må eg drive litt meir fysisk aktivitet, så då er tunnelen heilt perfekt. Spesielt når det regnar og er dårleg vêr. Då passar det perfekt for min del, seier Mauricio.

Mauricio er ikkje den einaste som har erfart at det løner seg å velje miljøet. Les historiene til andre som syklar, går eller reiser kollektivt dit dei skal: Ellen sparar tid, Inge-André sparar pengar, Hilde får ei fristund og Ania legg merke til ting rundt seg.

Foto: Thor Brødreskift