Storfornøgd med ny bybanelinje

Den nye bybanelinja til Fyllingsdalen har gjort reisevegen til jobb mykje meir behageleg for Ellen.

Då Ellen begynte i ny jobb i Årstad i august, ble reisa til jobb ein langdryg prosess. Først måtte ho ta bussen til sentrum, for der å måtte vente på neste buss igjen.

– Den hamna ofte i kø, for det var jo midt i rushtida om morgonen. På vegen heim var det jo eigentleg endå verre. Eg kunne jo bruke mega-lang tid heim.

Det var derfor til stor glede då bybanen til Fyllingsdalen kom.

– Det var heilt supert, seier Ellen.

No er reisetida vesentleg korta ned. Ho brukar ti minutt med buss til Oasen, og flyttar seg over på den korresponderande bybanen. Ti minutt seinare er ho på plass på kontoret.

– Det er jo det som er gull med bybanen, i motsetning til bussar, at du slepp rushet. Du berre susar gjennom tunnelen, og det tar ti minutt frå Haukeland uavhengig av rushtrafikken elles.

Den nye bybanelinja til Fyllingsdalen opna 22. november 2022 og er det største prosjektet i Miljøløftet. Med ein trasé som er om lag 10 kilometer lang og har ni haldeplassar, er linja eit viktig verktøy for å få ned personbiltrafikken mellom Fyllingsdalen og Bergen sentrum.

I dag opplever Ellen at ho har mykje meir tid om morgonen, noko som er praktisk i ein elles hektisk kvardag.

– Eg har jo to små barn, og dei skal i barnehagen. Ein er litt avhengig av ein god start.

Ein knirkefri reiseveg heim frå jobb er og gull verdt for Ellen.

– Det er stille og rolig. Det er deilig å ha litt tid for seg sjølv og lade opp igjen til eg skal heim og på ein måte drive huset.

Ellen er ikkje den einaste som har erfart at det løner seg å velje miljøet. Les historiene til andre som syklar, går eller reiser kollektivt dit dei skal: Inge-André sparar pengar, Mauricio kjem i betre form, Hilde får ei fristund og Ania legg merke til ting rundt seg.