Går til jobb – godt for både kropp og sjel

Hilde er ikkje lenger avhengig av bil til jobb. Sjølv ser ho ut til å ha funne oppskrifta på korleis få ein god start på dagen med sitt reiseval.

–    Eg var jo veldig avhengig av bil på den gamle jobben som eg hadde. Då hadde vi to bilar i husstanden. No har vi berre ein, seier Hilde.

Etter at ho fekk ny jobb på Askøy i januar har og reisa til jobb endra seg. 

– Eg pleier å gå. Eller så syklar eg.

Bussen er og eit alternativ, men Hilde fortel at ho aldri har tatt buss til jobb. Ho føretrekk å bruke føtene. Ikkje tek det lang tid heller. Ho bruker om lag 30 minutt på å gå til jobb. Når ho tek sykkelen fatt blir reisetida halvert til 15 minutt. 

Gå- eller sykkelturen til og frå jobb gjer at Hilde får klarna opp litt i hovudet.

– Då pleier eg å vere flink til å legge merke til ting rundt meg. Eg legg merke til fargene som er rundt meg. Litt sånn for å flytte fokus vekk frå kvardagstankar som føregår oppe i hovudet.

Å bruke føtene til jobb er ikkje berre godt for hovudet, skal vi tru Hilde. Det er og godt for kroppen. 

– Det er klart det at eg kjenner jo på kroppen at det er godt å kunne begynne dagen og avslutte dagen med å bevege den litt.

Hilde er ikkje den einaste som har erfart at det løner seg å velje miljøet. Les historiene til andre som syklar, går eller reiser kollektivt dit dei skal: Inge-André sparar pengar, Mauricio kjem i betre form, Ellen sparar tid og Ania legg merke til ting rundt seg.

Foto: Thor Brødreskift