Valde vekk bilen, fekk pengar og livskvalitet att

Inge-André slutta å bruke bil til jobb. Det har vore godt for både livskvalitet og lommebok.

–Det er jo så saumlaust, sant. Båten går jo alltid. Det er ingen kø. Rein avslapping. 20 minutt frå Frekhaug til Bergen, det blir jo ikkje betre enn det.

Slik beskriv Inge-André reisevegen til jobb. Slik var det ikkje for to år sidan. Han fortel at han pleidde å køyre bil til jobb. Då var det opp tidleg om morgonen for å komme seg av garde før rushet. Så måtte han komme seg inn til bygarasjen så kjapt som mogleg for å finne ein parkeringsplass, der det fort kunne bli fullt. Så var det å kome seg til jobb. Heimvegen var heller ikkje noko betre.

– Skulle du køyre heim i rushet, fordi du skulle nå eit eller anna, eller ungane skulle noko, då kunne du fort vere oppe i ein time.
Dermed var valet veldig enkelt. Bil er bytta ut med snøggbåt og bybane.

– No brukar eg ca. 50 minutt, kvar gong, uansett. Båten går når han skal, og bybanen går når han skal. Så det er veldig enkelt å planlegge med.

Byttet av transportmiddel har og vore godt for lommeboka. No kan Inge-André ta både bybane, buss og båt for 630 kroner i månaden, kontra 1350 i månaden berre for parkering i bygarasjen.

At ein kan spare pengar viss ein bytter frå bil til andre transportmiddel kommer kanskje ikkje som ei overrasking for dei fleste, men visste du at ein bil av vanleg størrelse kostar deg om lag 132 000 kroner i året? I vår nye bilkalkulator kan du regne ut kostnaden for din bil, og sjå kva du elles kunne brukt pengane på.

Inge-André er iallfall ikkje i tvil når det kommer til byttet frå bil til snøggbåt og bybane:

– Eg har ikkje angra eitt sekund! Eg brukar 10 til 15 minutt lengre tid kvar veg, men eg får det att i livskvalitet. Eg sit og les, slappar av, ser på mobilen, ser litt film, høyrer på musikk. Ja, det er rein avslapping.

Inge-André er ikkje den einaste som har erfart at det løner seg å velje miljøet. Les historiene til andre som syklar, går eller reiser kollektivt dit dei skal: Ellen sparar tid, Mauricio kjem i betre form, Hilde får ei fristund og Ania legg merke til ting rundt seg.

Foto: Thor Brødreskift