Vintersykle? Klart du kan!

Det er ingen problem å sykle når det er vintermørkt. Berre hugs lys og refleks slik at du blir sett, og gode bremser og piggdekk slik at du har kontroll på sykkelen.

Ein sykkeltur i vintermørket til jobb eller skule gir ein fantastisk start på dagen. Her er nokre enkle tips som gjer det tryggare og lettare å sykle. 

Hugs lys både framme og bak

Godt lys er ikkje berre viktig, det er faktisk også påbode. Det er påbod om gult eller kvitt lys framme og raudt lys bak. I tillegg er det påbode med raud refleks bak, og gul eller kvit refleks på begge sider av pedalane.

Med godt lys blir du sett på 300 meters avstand av andre trafikantar. 

Det er også lurt å ha refleks på kleda i skumring og mørke. 

Piggdekk gir deg kontroll

Med piggdekk har du kontroll på sykkelen, anten underkjølt regn har danna  ei tynn hinne is på asfalten, eller det er skikkeleg vinterføre med snø og is i vegbana. 

Sjekk også at du har fungerande sykkelbremser. Godt sykkelvedlikehald er ekstra viktig om vinteren. Det er også viktig å spyle salt og søle av sykkelen etter kvar gongs bruk. 

Sjekk ut Eivinds vintersykkeltips her

I 2022 laga Miljøløftet nokre filmar med vintersykkeltips i samarbeid med Eivind Kvamm-Lichtenfeld i Syklistforeningen Bergen og omegn. Under ser du dei. Her finn du også ti gode tips i skriftleg form. 

Eivinds vintersykkeltips 1: Gjer sykkelen klar

Eivinds vintersykkeltips 2: Bli sett

Eivinds vintersykkeltips 3: Kle deg godt

Les meir om trygg vintersykling hjå