Kv1023, Kv1056 Knarvikplanen, gang- og sykkelveger

Alver kommune

  • Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Kostnad: 19,6 mill. kroner
  • Finansieringskilde: Statlige programområdemidler
  • Status: Utbyggingsfasen

Knarvik er i dag betydeleg bilbasert, med mykje parkering og smale og til dels dårlege fortau. I Knarvikplanen vil ein prioritere gaånde og syklande i mykje større grad enn i dag. Mjuke trafikantar vil bli vesentleg meir skild frå biltraffiken og det blir sett av langt meir areal til mjuke trafikantar.

Leikeløypa, ein trasé tvers gjennom det mest sentrale området der all ferdsel er på de gåandes premiss, vert ein viktig del av prosjektet.

Delar av området mellom Knarvik senter og Nordhordlandshallen og Knarvik kirke inngår og i planane. Dette er eit område som har hatt dårleg framkjømd og til dels trafikkfarlege forhold for gåande og syklande. Dette området er mykje nytta av mjuke trafikantar, særleg på kveldstid.

Prosjektet vil gjere det enklare å reise med kollektivtransport då ein vil prioritere gåande og syklande internt i Knarvik og til og frå kollektivknutepunkta Knarvik terminal og til snøggbåten til/frå Bergen.

Den omfattande opparbeidinga av arealer for gåande og syklande er basert på ei større områdesatsing for Knarvikbyen. I Knarvikplanen er det eit potensiale for om lag 1600 leilegheiter i sentrumsdelen av Knarviksområdet og eit samanhengande framtidig nettverk av fortau og sykkelfelt.

 

Foto: ©norgeibilder.no.