Sykle til jobben: No kan du melde deg på!

Aktivitetskampanjen Sykle til jobben startar 3. mai, men alt no kan du melde deg på. Du kan vinne fine premiar, du kjem i betre form, og påmeldinga er gratis for deg som bur eller arbeider i Miljøløftet-kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden.

Sykle til jobben er vårens store aktivitetskampanje. Alle kan delta, og all aktivitet tel. Du kan sykle, symje, gå fjellturar, spele fotball, gjere styrketrening, gå eller springe. Kva som helst, så lenge du er i aktivitet.

Både til og frå jobb og ellers 

Du kan gjere aktiviteten til og frå jobb, på kvelden eller i helgene. Så lenge du er påmeldt og registrerer aktiviteten din i appen Bedriftsidretten, får du poeng og kan konkurrere mot andre – eller mot deg sjølv.

Utfordringar og premiar 

Sykle til jobben varer frå 3. mai til 16. juni. Undervegs får du motivasjon, inspirasjon og sjansen til å vinne fine premiar. Du kan melde deg på individuelt eller bli med på eit lag på arbeidsplassen din. 

Får du andre til å melde seg på Sykle til jobben, kan du også vere med i trekninga om vervepremiar som joggesko, hjelm og sykkel

Bli klar til oppstart, få gratis sykkelservice av Miljøløftet 

For deg som planlegg å ta sykkelen fatt under Sykle til jobben, tilbyr vi gratis sykkelservice i alle Miljøløftet-kommunane i forkant og i starten av kampanjen. Her finn du alle datoar og tidspunkt.  

Slik melder du deg på

Gå inn på sykletiljobben.no for å melde deg på. Last ned appen bedriftsidretten (på Google Play for Android eller App Store for iPhone) for å registrere aktivitet. Du kan registrere aktiviteten manuelt eller koble opp appen opp mot treningsappane Strava eller Polar Flow. 

Sykle til jobben har vore arrangert sidan 1973 og er Noregs største aktivitetskampanje. Sidan starten har kampanjen fått meir enn 1 million deltakarar til å velje ein ein meir miljøvennleg og aktiv reiseveg og hverdag.

Slår vi fjorårstala?

I fjor var 3991 deltakarar frå Miljøløftet-kommunane med på Sykle til jobben. Dei tilbakela 739 159 kilometer og var i aktivitet 7 116 120 minutt. På den eigenaktiviteten sparte vi også miljøet for 102 742 kilo CO2-utslepp. Greier vi å slå tala i 2024? Vi håpar du blir med! 

Foto øvst i sak: Bedriftsidretten 

Meld deg på her: