Reisevaneundersøkinga 2023: Litt mindre bil, litt meir sykkel og kollektiv

Den nasjonale reisevaneundersøkinga (RVU) for 2023 er no offentleggjort. Av tala ser vi at vi fekk litt grønare reisevanar i Miljøløftet-området i 2023: I snitt gjorde vi fleire av reisene våre med sykkel og kollektiv og færre med bil. Samla sett gjorde vi fleire reiser enn i 2022.

Sentralt i reisevaneundersøkinga er den såkalla transportmiddelfordelinga, altså kva transportmiddel vi oppgir å gjere reisene våre med.  

For bergensområdet (dei fem Miljøløftet-kommunane) rapporterer vi at vi hadde meir grøne reisevanar i 2023 enn i 2022: Av reisene vi gjorde i 2023 var 54 prosent med bil, 44 prosent som førar og 10 prosent som passasjer. Her er det ein liten nedgang frå 2022, då 56 prosent av reisene var med bil.

Nedgangen har vore jamn frå 2020, då bilandelen av reiser i bergensområdet var på 62 prosent.

Om ein ser på Bergen kommune isolert er bilandelen for 2023 endå lågare, her ligg den på 45 prosent totalt (førar og passasjer) og 36 prosent for bil som førar. For omlandskommunane Alver, Askøy Bjørnafjorden og Øygarden er andelen for bil  på 74 prosent, med ein andel for bil som førar på 62 prosent.

Totalt for landet var bilandelen på 61 prosent, med ein andel for bil som førar på 40 prosent.

Lågast bilandel av byområda har Oslo/Akershus, med ein andel for bil som førar på 34 prosent. 

Litt auke i sykkel, men bak resten av byområda

Medan andelen bilreiser gjekk litt ned i bergensområdet, auka andelen sykkel og kollektiv. Andelen daglege sykkelreiser auka frå 3 til 4 prosent, og andelen kollektivreiser frå 13 til 15 prosent, medan andelen reiser gjort til fots låg stabilt på 24 prosent. Også for dei fire siste åra ser ein den same utviklinga.

For Bergen kommune isolert er andel sykkelreiser på 5 prosent. Sykkelandelen for bergensområdet på 4 prosent ligg bak både trondheimsområdet, Tromsø, Oslo/Akershus og Nord-Jæren. Høgast andel sykkelreiser av byvekstområda har trondheimsområdet, med 8 prosent. 

For reiser til og frå arbeid, er sykkelandelen for bergensområdet på 8 prosent. Her toppar trondheimsområdet med 17 prosent sykkelandel. For reiser til og frå skule er sykkelandelen i bergensområdet heilt nede på 4 prosent. Dette er den lågaste sykkelandelen for skulereiser av byvekstavtaleområda. Høgast her ligg også trondheimsområdet, med 9 prosent.

Midt i feltet på kollektivandel

Kollektivandelen av reisene i bergensområdet har hatt ein jamn auke sidan pandemien, frå 11 prosent i 2020 til 15 prosent i 2023. Andel kollektivreiser er høgare enn trondheimsområdet og Nord-Jæren, men bak Tromsø med  17 prosent, og Oslo/Akershus som toppar lista med 20 prosent. 
Om ein ser på Bergen kommune isolert er kollektivandelen av reiser på 18 prosent.  Til samanlikning er kollektivandelen for Stavanger kommune 13 prosent, for Trondheim kommune 14 prosent, medan Oslo kommune toppar med 26 prosent kollektivandel av daglege reiser.

Vi reiste meir i 2023 enn i 2022

Totalt sett reiser vi meir i bergensområdet. I snitt rapporterer vi at vi gjorde 2,6 reiser for dagen i 2023. Dette er ein auke frå 2,5 i 2022, og opp frå 2,3 i 2020. Auken er i tråd med resten av landet. Når ein ser på tal for Noreg under eitt, var snittalet for daglege reiser også på 2,6, opp frå 2,4 i 2022. 
Dette er likevel lågare enn tala frå 2019, før pandemien, då vi i snitt reiste 2,8 turar per dag, både i bergensområdet og i landet totalt sett.

Mindre tilgang til parkering på jobb

Andelen som har tilgang på parkeringsplass ved arbeidsplassen har gått jamt nedover sidan 2020. I 2020 var andelen på 79 prosent, i 2023 på 74 prosent. For Bergen kommune var denne andelen på 69 prosent. Når det gjeld gratis parkering ved arbeidsplass har andelen gått frå 46 prosent i 2020 til 43 prosent i 2020. For Bergen kommune er andelen som har gratis parkering ved arbeidsplass 36 prosent.

Om reisevaneundersøkinga

Den nasjonale reisevaneundersøkinga er gjennomført av Opinion AS på vegne av Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet, Bane NOR SF, Nye Veier AS, Avinor og Kystverket. Undersøkingane er grunnlag for planlegging og modellutvikling innan transportsektoren, og blir mellom anna brukt i arbeidet med stortingsmeldingar og Nasjonal transportplan (NTP), og lokal og regional areal- og transportplanlegging.

Undersøkinga har vore gjennomført sidan 1985. Svarprosenten har gått jamnt nedover dei siste åra og er for 2023 på 9 prosent. Nasjonalt har 88 246 respondentar svart på undersøkinga i 2023, medan talet for bergensområdet er 13 761. 

Det er laga to rapportar frå undersøkinga, ein på nøkkeltal og ein på reisevanar i dei sju største byområda. 

Les rapportane her