Endeleg første spadetak for Hatvikvegen

– Å seie at denne vegen er etterlengta er ei kraftig underdriving, sa ordførar Terje Søviknes då byggestarten for den nye gang- og sykkelvegen langs fv. 552 Hatvikvegen i Bjørnafjorden kommune vart markert.

– Dette prosjektet har vore omtalt så lenge eg har vore med i politikken, sidan 1991, så det begynnar å bli nokre år, sa ordføraren.

I følgje dei frammøtte har det vore snakka om gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen heilt sidan 1979, då vegen var oppe som sak i kommunestyret i Os. Og 14. mars 2024 var det altså endeleg klart for byggestart på prosjektet, med finansiering gjennom Miljøløftet. 

Endeleg: Ordførar Terje Søviknes var glad for byggestart for gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen.

Resultat av byvekstavtalen

At gang- og sykkelvegen var etterlengta merkast også på interessa. Både naboar, politisk miljø og lokalpresse hadde møtt opp for å sjå at byggearbeidet for Miljøløftet-prosjektet er i gang. 

Tidlegare ordførar i Bjørnafjorden, Trine Lindborg, var ein av dei som var til stades.

– Det er veldig kjekt å sjå at dette prosjektet som vi har kjempa for så lenge endeleg blir realisert. Og så er det jo kjekt for meg å sjå at vi får resultat av at Bjørnafjorden sa ja til Byvekstavtalen og kom med i Miljøløftet. Utan byvekstavtalen hadde vi aldri fått dette til, seier ho. 

Sterkt trafikert

Sykkelvegen går langs ei strekning på 1,2 kilometer, der Hatvikvegen er på sitt smalaste. Her er det ingen tilbod til fotgjengarar og syklistar frå før. Når vegen også er ferdselsåre mellom Osøyro og ferjestrekninga Hatvik–Venjaneset og har ein gjennomsnittstrafikk på 2500 bilar i døgnet, trengs det verkeleg betre forhold for syklande og gåande.

Smalt: Gåande og syklande har eit dårleg tilbod langs Hatvikvegen. No kjem det 1,2 km gang- og sykkelveg her.

Målet er at gang- og sykkelvegen skal redusere bilbruken på kortare strekningar, og legge til rette for at fleire vel sykkel, gange og kollektivtransport framfor bil.

Ei trafikksikker gang- og sykkelløysing er også naudsynt for å kunne starte utbygging på Bjåneshalvøya, som er regulert med eit potensiale for 1000–1500 nye bueiningar.

Samarbeid om veg og infrastruktur

Samtidig med gang- og sykkelvegen skal det leggast ned infrastruktur i form av vatn, avløp og fiber, og Bøtre bru vil bli erstatta av ein kulvert. 

Ordførar Terje Søviknes framheva det gode samarbeidet med Vestland fylkeskommune, som gjer at ein også får på plass viktig infrastruktur samtidig med ein tryggare- gang- og sykkelveg, men også dei økonomiske bidraga som har fått prosjektet på plass.

– I all hovudsak er det statlege midlar  gjennom Miljøløftet, noko vi er veldig glade for.  Samtidig er det eit spleiselag der både kommunale og fylkeskommunale midlar er inne, saman med bidrag frå utbyggarinteressene på Bjåneshalvøya, sa han.  

Totalt har prosjektet ein kostnad på 172 mill. 2024-kroner. 

Tredobbelt spadetak

Gunhild Vangsnes, seksjonssjef Planlegging og Utbygging i Vestland fylkeskommune, var glad for å kome i gang med prosjektet. No ventar to og eit halvt år med byggetid før vegen kan stå ferdig hausten 2026. 

Glad for å vere i gang: Seksjonsjef Gunhild Vangsnes, seksjonssjef Planlegging og Utbygging i Vestland fylkeskommune.

– Vi ser at byggearbeidet kan gi ein del ulemper undervegs, men det er lagt opp til eit godt samarbeid mellom alle partar for å få trafikkavvikling og tenestetilbod til å fungere best mogleg i denne tida, seier ho. 

Til slutt tok Terje Søviknes og Gunhild Vangsnes, saman med prosjektleiar Pål Thorsnes frå entrepenøren Bertelsen & Garpestad eit symbolsk første spadetak for den lenge planlagte gang- og sykkelvegen.