Etterlengta byggestart for Sagstadvegen

Fv. 5308 Sagstadvegen i Alver er smal og fårleg for mjuke trafikantar. No skal det bli gang- og sykkelveg her.

Både Alver-ordførar Sara Sekkingstad og fylkesordførar Jon Askeland var på plass då ein kunne feire byggestart for Sagstadvegen. Med Miljøløftet-midlar skal det byggast ny gang- og sykkelveg langs den smale og trafikkfårlege vegen.

Sagstadvegen går frå Frekhaug senter og opp til Sagstad barneskule, ei strekning på rundt ein kilometer. Og her oppe ligg også idrettsanlegget Meland Aktiv. 

SMALT: Sagstadvegen i dag.

– Ein viktig kilometer

Ordførar Sekkingstad er svært glad for at prosjektet no kjem i gang.

– Dette er ein viktig kilometer for våre barn og unge. Sagstad skule er den største barneskulen i Alver, så det er mange som skal både hit og til Meland Aktiv. Skal dei gå og sykle i dag, må dei ut i grøfta når det kjem bilar, seier ho.

VIKTIG FOR BARN OG UNGE: Ein viktig kilometer, kalla Alver-ordførar Sara Sekkingstad den delen av Sagstadvegen som no skal utbetrast. Til venstre seksjonssjef Gunhild Vangsnes i Vestland fylkeskommune, til høgre fylkesordførar Jon Askeland.

Betre saman

Eigentleg var det to prosjekt som fekk sin byggestart denne morgonen: Ombygginga av Frekhaugkrysset, som blir finansiert gjennom Nordhordlandspakken, og utbetringa av Sagstadvegen som blir finansiert gjennom Miljøløftet. Private utbyggarar er også inne og finansierer deler av prosjekteringa. 

ENDELEG I GANG: Både Vestland fylkeskommune og entrepenøren Romarheim AS var godt representert under byggestarten.


Fylkesordførar Jon Askeland kalla det samanslåtte prosjektet eit nøkkelprosjekt i sin tale. 

– Ofte vert det offentlege kritisert for å jobba stykkevis og delt. Dette prosjektet viser korleis kan ein kan få gjort ting meir effektivt og få meir ut av offentlege midlar, seier han. 

Med handemakt og gravemaskin 

Jon Askeland skulle også få æra av å ta første gravemaskinstak og starte bygginga av nye Sagstadvegen. Men det tok si tid: nøkkelen til gravemaskina var borte, så då fekk han utlevert ein spade i staden. 

– Dette skal gjerast med handemakt, flirte fylkesordføraren, som var meir vant med spade enn med gravemaskin. 

Til slutt kom likevel nøkkelen til rette, og Askeland fekk sin debut som gravemaskinførar. 

FØRSTE GRAVEMASKINSTAK: Fylkesordførar Jon Askeland fekk sin debut som gravemaskinsførar då han markerte byggestarten for Sagstadvegen.

Den nye og meir trafikksikre Sagstadvegen skal stå ferdig i 2025. Ein har rekna sykkelpotensialet til om lag 250 syklande per døgn langs vegen. 

Tiltaket vil og gje betre tilhøve for kollektivtrafikk, gjennom ein ny trafikksikker haldeplass ved Sagstad skole.

Les meir om Sagstadvegen her