Sjå politisk seminar her

Miljøløftet sitt årlege politiske seminar vart arrangert 10. januar 2024 i Vestlandshuset. Møtet vart strøyma direkte for alle interesserte og du kan sjå det i opptak her.

Politisk seminar er eit årleg seminar om Miljøløftet for fylkes- og kommunepolitikarar i avtaleområdet. Sidan det har vore ein del politiske utskiftingar, fokuserte programmet denne gong på opplæring og introduksjon til Miljøløftet. 

Her er opptak av  seminaret. Under ligg program og lenke til presentasjonar. 

Program:

08.30-09.00: Registrering og mingling

09.00-10.05: Innleiing, bakgrunn og historikk

  • Innleiing v/ Jon Askeland, fylkesordførar
  • Byvekstavtalen sin bakgrunn og betydning frå eit nasjonalt perspektiv v/ Ingrid Dahl Hovland, Statens vegvesen
  • Byvekstavtalen sin bakgrunn og betydning frå eit lokalt perspektiv v/ Anne Iren Fagerbakke, Vestland fylkeskommune

10.20-11.25: Korleis jobbar vi i Miljøløftet?

  • Slik er Miljøløftet organisert v/ Aina Haugstad, sekretariatsleiar i Miljøløftet
  • Samarbeidet sett frå ulike perspektiv v/ Juan Manuel Santacruz, sekretariatet
  • Nullvekstmålet og status måloppnåing v/ Erlend Otterå, sekretariatet
  • Porteføljestyring: Kva er eigentleg det? v/ Eva Mari Pettersen, sekretariatet

11.25-12.20: Lunsj

12.20-13.05: Korleis jobbar vi i Miljøløftet? (fortsetting)

  • Finansiering i Miljøløftet v/ Eva Mari Pettersen, sekretariatet
  • Kunnskap, endring og flyt: Kommunikasjon i Miljøløftet v/ Anders Kjetland, sekretariatet

13.20-14.10: Byvekstavtalar: Kva seier forskinga?

  • Komparativt studie av tre byvekstavtalar v/ NORCE

14.10-15.00: Vegen vidare

  • Panelsamtale med Styringsgruppa
  • Kva kan du no?
  • Oppsummering v/ Ingrid Dahl Hovland, Statens vegvesen
  •  

Lenke til presentasjonar frå møtet